Kvifor velje Helse- og oppvekstfag ved Stranda og Sykkylven?
- Du får arbeide med menneske i ulike fasar i livet. Ved vår skule får du meir praksis samanlikna med andre skular, og praksisplassane viser stor interesse for at du skal trivast og utvikle deg.
- Du får ein god kombinasjon av teoretisk og praktisk undervisning.
- Du får vere ei viktig brikke i andre sine liv og gjere ein forskjell.
- Du får vere elev i eit oversiktleg miljø, der kvar og ein blir sett og tatt vare på.
- Vi har Helse- og Oppvektsfag på vg1 og Helsearbeidarfag på vg2
- Vi har tilbod om påbygg og eit godt samarbeid med opplæringskontor.
Helse- og oppvekstfag finn du på lokasjon Stranda og Sykkylven.