Hospitering

Du som er 10.klassing er velkomen til hospitering  i veke 46, frå måndag 9. november til fredag 13. november 2026.

Frå hausten -27 vil Stranda og Sykkylven vgs bli sått saman til ein skule, Stranda og Sykkylven Vidaregåande skule. Begge skulane skal halde fram som før, men med felles administrasjon og leiiing. Vi gler oss  til å møte deg og vise kva tilbod vi har, og du kan melde deg på hospitering både på Stranda og i Sykkylven.

LOKASJON STRANDA

Velkomen til hospitering 12. og 13. november

Stranda vidaregåande skule ønskjer 10.-klassingar frå Sykkylven, Stranda og Fjord kommunar velkomne til hospitering torsdag 12. og fredag 13. november.
Hospitantane har valt seg eitt programområde – naturbruk, helse- og oppvekstfag, studiespesialisering eller idrett – som dei får følgje denne dagen. 
Elevane vil òg få informasjon om bedriftsmodellen og internasjonalisering.

Dei som hospiterer på idrett må ta med gymkle for aktivitet i Strandahallen og dei som skal hospitere på naturbruk må ha med varme kle for å ha aktivitet ute.

LOKASJON SYKKYLVEN

Alle våre utdanningsprogram startar dagen med felles oppmøte i Vestibylen kl. 09.00 og vert avslutta kl. 14.00. 

Studiespesialisering

  • 09.00: Oppmøte i Vestibylen - informasjon i Auditoriet
  • 09.55: Vere med på aktivitetar i ulike programfag
  • 11.30: Lunsj. Om veret tillet det blir lunsjen på friluftsliv-vis, altså ute med bålmat. 
  • 12.45: Vere med i ulike programfag
  • 13.30: Avlutning i auditoriet med Kahoot og spørjeundersøking
  • 14.00: Slutt

Elektro og datateknologi

  • 09.00: Oppmøte i Vestibylen
  • 09.10: Besøk på to ulike stasjonar og labbar, programfag
  • 11.30: Lunsj i kantina
  • 11.55: Besøk på to ulike stasjonar og labbar, programfag
  • 13.40: Avslutning på klasserom
  • 14.00: Slutt

Helse- og oppvekstfag

09.00 Oppmøte i Vestibylen
09.10 Orientering om ulike programfag. 
11.20  Lunsj på HUSET
12.30 Orientering om ulike programfag + internasjonalisering.
13.00 Spel, Quiz og aktivitetar
14.00 Slutt

Teknologi- og Industrifag

09.00  Oppmøte i Vestibylen
09.10  Orientering og aktivitetar knytt til ulike programfag. Besøke verkstadane på skulen.
11.30  Lunsj i kantina
11.55 Orientering og aktivitetar knytt til ulike programfag. Besøke verkstadane på skulen.
13.40 Avslutning på klasserom
14.00 Slutt