Bedriftsmodellen

Bedriftsmodellen er ein alternativ yrkesfagleg opplæringsmodell over fire år, der opplæringa startar i lærebedrift frå dag ein. 

Opplæringa er i lærebedrift frå dag ein. Det betyr fellesfaga på skulen to dagar i veka og opplæring i programfaga i lærebedrifta tre dagar i veka. Dei to siste åra er du lærling i lærebedrifta, og opplæringa blir avslutta med eit fagbrev etter det fjerde året. Elevane har både elevstatus og lærlingstatus dei to første åra og lærlingstatus dei to siste åra. Læringstilskotet blir fordelt over dei fire åra, det betyr løn frå dag ein.

Bedriftsmodellen er ein opplæringsmodell for elevar som har  mål og ambisjonar om eit spesifikt fagbrev. Eleven bør ha gode praktiske ferdigheiter og være i stand til å ta initiativ i opplæringa og arbeid på eigenhand. Gjennom opplæringa er det eit tett samarbeid mellom aktørane i fagopplæringa: skule, næringsliv og opplæringskontora.

Bedriftsmodellen ved Stranda og Sykkylven vgs i samarbeid med næringslivet blir eit tilbod innafor alle yrkesfaglege utdanningsprogram.

Stranda of Sykkylven vgs vil ha ein koordinator som følgjer opp eleven frå søknad til lærekontrakt, og følgjer opp eleven/lærlingen i opplæringa på skule og i lærebedrifta.

Noko for deg?  Tilbodet er søkbart i VIGO.

Når du søkjer i VIGO skal du også fylle ut dette vedleggsskjemaet