Særskilt tilrettelagt opplæring er eit tilbod til dei som av ulike grunnar ikkje kan følgje ordinære utdanningsprogram. Målet er personleg utvikling, livsmeistring og ferdigheiter for vaksenlivet.
Individuell tilrettelegging
Kvar enkelt elev har sin individuelle opplæringsplan (IOP) med eigne mål, både fagleg og sosialt. Tilrettelagt opplæring inneber gjennomgåande individuell tilrettelagt opplæring.

- Undervisninga kan skje med eige opplegg, eller integrert i klasser.
- Tilrettelegging gjeld alle utdanningsprogramma ved skulen.
- Elevane får utarbeida individuelle opplæringsplanar. Fagmengda vil difor variere frå person til person.
- I tillegg til fellesfag får elevane ved yrkesfag tilrettelagt opplæring/arbeid i bedrifter eller på HUSET.
- Elevane kan og få undervisning i bustadlære, vekeplanlegging og lokalkunnskap.