Vi byggjer framtidas vidaregåande skule

Arbeidet med den nye vidaregåande skulen på Indre Sunnmøre er godt i gang. Når Stranda og Sykkylven vgs frå 1. august 2027 blir éin skule med to lokasjonar, er målet å gi elevane endå fleire moglegheiter enn i dag.

Vi byggjer vidare på det beste frå begge skulane: læringsmiljø i toppklasse, sterke fagmiljø, internasjonale moglegheiter og tett samarbeid med næringslivet. Elevane skal møte ein skule der dei trivst, blir sett og får utvikle kunnskapen, ferdigheitene og kompetansen dei treng for framtida.

For føresette betyr det eit trygt og framtidsretta skuletilbod. For elevane betyr det fleire val, fleire moglegheiter og at dei blir betre rusta for studie, læreplass og arbeidsliv.

Éin skule. To lokasjonar. Fleire moglegheiter.